søndag 27. januar 2008

Sølv

Morgonen bak deg hang rustraud i gardina. Inn gjennom vindauget braut seg ein rambukk av lys. Mellom meg sjølv og dagen utanfor stod du og var omrisset av broren min.

Dette er eit minne frå tida da bildekulturen låg gøymt i rullar av sølv. Menneska gjekk berrføtt, i like klede og mangla ikkje søvn. Dei levde nesten utan konsekvensar. To brør var enno stor og liten.

Eg såg deg frå sida. Raud. Ditt mørke hår og pene ansikt smurt inn med letten av eit dunkelt barnerom. Du vende blikket skrått ned mot noko som eg ikkje hugsar, meir tankefullt enn vel var rimeleg. Eit alvor som langt seinare vart ditt, sette sitt avtrykk på sekundet. Raudleg, passe undereksponert. Huda matt og luggen skinande. Nakne skuldrer, for vi hadde akkurat stått opp.

Du var eit godt motiv, men også gretten. Gretten, fordi bror din ikkje spurde. Han berre sette seg ned for å skriva, inne i eit gammalt kamera. Typisk nok er dette eit minne i ord.

fredag 25. januar 2008

Étoile

Étoile sa at ho ikkje kunne sjå dei for seg, dagane eg har her heime. Étoile sa at det ikkje kler meg, det eg seier om meg sjølv. Orda eg bruker (og bokstavane), er rare, synest Étoile.

Stadig omatt og på nye måtar må vi formulera oss, vi to. Vi har språk og bakgrunn framand for kvarandre. Vi misforstår, blir misforstått. Går enda fleire rundar. Gir nesten opp iblant.

Når kroppar smeltar om og blir til spørsmålsteikn, er praten på sitt beste. Når eg kan ta i bruk eit smil eg kan på fransk.

torsdag 10. januar 2008

Mellomrom, linje, sirkel

I tida opplevd som geometri er mellomrommet staden med mest fortetting. Der linja frå måndag til måndag brytest og blir helg, finn det produktive individet trøyst i ein rangel eller ei reise; det kjenner på falden det skal bretta ut til nye dagar. Langs vegen frå byen du flyktar ifrå, til bygda du ikkje vender tilbake til, står fjella som kulisse, veltar viddene seg ut for deg til å trø på, og du etterliknar ein som leitar etter mjuke sider ved figurane.

Du står ved eit eksistensgeometrisk punkt og ringjer inn deg sjølv. Euklid gjorde greie for eigenskapane til sirkelen, men forklarte aldri kva som gjer den vakker.