søndag 27. januar 2008

Sølv

Morgonen bak deg hang rustraud i gardina. Inn gjennom vindauget braut seg ein rambukk av lys. Mellom meg sjølv og dagen utanfor stod du og var omrisset av broren min.

Dette er eit minne frå tida da bildekulturen låg gøymt i rullar av sølv. Menneska gjekk berrføtt, i like klede og mangla ikkje søvn. Dei levde nesten utan konsekvensar. To brør var enno stor og liten.

Eg såg deg frå sida. Raud. Ditt mørke hår og pene ansikt smurt inn med letten av eit dunkelt barnerom. Du vende blikket skrått ned mot noko som eg ikkje hugsar, meir tankefullt enn vel var rimeleg. Eit alvor som langt seinare vart ditt, sette sitt avtrykk på sekundet. Raudleg, passe undereksponert. Huda matt og luggen skinande. Nakne skuldrer, for vi hadde akkurat stått opp.

Du var eit godt motiv, men også gretten. Gretten, fordi bror din ikkje spurde. Han berre sette seg ned for å skriva, inne i eit gammalt kamera. Typisk nok er dette eit minne i ord.

2 kommentarer:

  1. Takk for at du fortsatt skriver D. Jeg skjønner nok ikke alt, men det er i grunnen helt ok.
    mvh Whiskymannen.

    SvarSlett
  2. Somme får ikkje fred før dei har fått universet i tale, veit du. Tale er sølv. Takk for at du er så trufast ein lesar, K. (Er det Laphroaig eller Ardbeg som gjeld denne vinteren, forresten?)

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.