søndag 15. februar 2009
Drøv
Kveg løftar klauven matt frå tastaturet. Han stiller seg ved vindauget. Vrengjer globusauga. Dirrar som fangar i eit nett av usagte samanhengar. I ein annan etasje, også aleine, speler Kvige sørgefløyte. Vegger og dører skjelv til tonar tunge av individualitet og lengsel. Kveg høyrer og tenkjer. Han plantar blikket i taka over byen, drøymer om gras og somrar som enno er ubekymra lange. Han ser for seg lykka, utygd, nærande, opp og ned, omatt, stadig gjentatt, grønn tvers igjennom, mellom mage og svelg.
Dromedar
Det finst ein stad der dei som jobbar og bur, ikkje tar høgde for at menneska er som dei er. Ute er det pistrande kaldt. Vêret ramlar inn som store, våte klossar. Dørpumpa har ikkje fungert så lenge eg kan hugsa. Folk kjem og går, kjøper kaffe, låner nøkkelen til do, ser til ei barnevogn. Dei fleste lukkar etter seg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)