søndag 15. februar 2009

Drøv

Kveg løftar klauven matt frå tastaturet. Han stiller seg ved vindauget. Vrengjer globusauga. Dirrar som fangar i eit nett av usagte samanhengar. I ein annan etasje, også aleine, speler Kvige sørgefløyte. Vegger og dører skjelv til tonar tunge av individualitet og lengsel. Kveg høyrer og tenkjer. Han plantar blikket i taka over byen, drøymer om gras og somrar som enno er ubekymra lange. Han ser for seg lykka, utygd, nærande, opp og ned, omatt, stadig gjentatt, grønn tvers igjennom, mellom mage og svelg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.