onsdag 13. februar 2008

Måltid

Fenomena over meg skal også gå til grunne. Og eg sjølv er eit måltid som ligg under torva. Bakteriekulturar, makk og sopp tærer og ernærer seg på min døde kropp. Eg skal attende, blir til jord; eg smuldrar opp. Men kor vederkvegande å vita at undergangen min er ein velsigna overgang for alle andre!

For over bakken er det tidleg vår i vente. Teoriar oppstår og blir tilbakeviste. Nye likevektstilstandar ryddar plass for klodens framtidsvariantar. Artar som liknar noko på oss gamle, skal ta over.

Metempsykosen er mi største trøyst. Ein sprukken tånagl plagar meg no, men ber sporen i seg til ein heksering av kantarellar neste haust. Ei gran skal slå rot i skyggen av hjartet mitt. Eg ser det for meg når det skjer: Restar av meg sjølv, organisk skrammel, stinkande og fælt, idet det blomstrar opp, får røter og stengel, grønne blad og knopp. Eg skodar over jorda, faldar meg ut mot lyset. Eg dukkar opp som deg – ein liten blome; eit minne om ein kropp vi saman tok næringa frå.

Men du skal òg forsvinna. Og når du visnar, skal eg atter liggja der aleine. Inn i tomme æva skal eg ropa etter deg, slik dei døde har for vane. Utan lyd og nesten urørleg.

Damask

Hadde eg himmelens mest intrikate broderi
eller kanskje ein flik av kosmisk damask,
skulle du hyllast inn, vera fange, vera mi.
Og all tekstilen som du kler deg i,
skulle etsast bort med smask.

(fritt etter W.B. Yeats)

lørdag 2. februar 2008

Sånn

Snøen fell og dekkjer til, men altfor, altfor lite. Når flaumen kjem og riv eit lag av jorda, tar han ikkje med seg det du vil bli kvitt.

I begge endar av den første kaffekoppen, i pendlarfjesa på perrongen, i ditt eige, ubarberte ansikt: Alle stader herskar kjensla av å ha det sånn. I det du skriv og seier, i alt du les og høyrer, som ein dupp som flyt i glaset ditt: Alltid er det sånn du møter.

Sånn ser dagar ut som manglar botn. Sånn er lyden av nålene som fell igjennom deg. Sånn er ulinga frå kulturen. Støyen inni deg er også sånn. Sånn er smaken som aldri forsvinn, eller kanskje lukta av ein skit i barten. Sånn er kjensla av at kvar ein del på kroppen din er knulla sund frå alle kantar, pult i tusen knas, fucked i fillebitar, gjort til offer av eit ukjent og usynleg vesen. Sånn er kjensla av at det skal skje igjen. Eit ekstra syndefall vart deg til del. Sånn er tid og rom fylt opp med døde metaforar.

Med eit klynk som ditt kan verda ta slutt. Måtte vegane snø ned og annan infrastruktur bli tatt av ras. Når kjensla av å ha det sånn blir større enn du rommar, skal landskapet forsvinna, og du skal drukna i ei dyne. Gøym deg for tanken, snik deg unna, rug på sånn i eit språklaust reir. Vent på snø og vinter. Og endeleg ein dag kan sånn-kjensla luftast ut. Da skal du flykta innover i skogen, finna at du er i slekt med rotvelt og med skred. Så kjenner du ein dag, kan henda, at noko er annleis på eit vis. Iallfall ikkje sånn.