Istappar som sleggjer. Hevar seg frå taka over oss. Vaktar over årets siste natt. Restar av tid ber bod om dagane i vente.
På ein flekk av fuktig asfalt står Guds medvitarar og fyller rommet med pust og lys. Himmelens akselerasjon kan lesast av i deira fargespor. I kveld er dei fri frå tyngsla i å forstå det skapte. I kveld har dei del i blikket som ser at det er godt.
mandag 31. desember 2007
onsdag 19. desember 2007
Symbiose
Eg er ein maur. Eg har tatt meg inn på menneskehannens habitat. Han held baderomsgolvet varmt, slik at eg kan overleva vinteren. Vi tar vare på kvarandre, han og eg. Han har varme til overs og rikeleg med boltreplass for lille meg. Eg kliv opp i håra på menneskehannens legg, kjærteiknar verten min med lette insektføter, ser opp i ansiktet som heng høgt over meg, og undrar korleis han har det der han sit så lenge og så tankefull på dass.
søndag 16. desember 2007
Frostvev (desember)
Frostvev av lys - berre eit blaff;
Eit nett av rim og greiner
på stillas av stansa sevje
held tida oppe og fyller den med natt;
Sei ikkje kva du meiner,
gi slepp på det å krevje;
Dette var ein dag, som no er over.
Eit nett av rim og greiner
på stillas av stansa sevje
held tida oppe og fyller den med natt;
Sei ikkje kva du meiner,
gi slepp på det å krevje;
Dette var ein dag, som no er over.
lørdag 8. desember 2007
Løftar seg blankt frå graset
I humanistisk lune løftar seg globusauge blankt frå graset og skodar dalen oppetter og nedetter i store, generaliserte sveip. Ikkje ukjent med sympati for det dei ser, og det som er gøymt i avstand og detaljar, søkjer dei innover etter tanken eller kjensla og utover etter kva det no er, om at dette, sånn og sånn, ukjent bygd og ukjent iblant att rive ned, er det som skal elskast, og her er mi adekvate evne, her hender laga for å gripa, her føter for å trø i ikkje oppgitt veg.
Lepper pakkar ut som dei aldri kunne lyden av bustader og interiør, dei som fyller golva, det dei ikkje seier, fortel om ordtuben tom og himmelkvelven tørrkvitt lerret klemmer som eit lokk ned over oss. Under her er alt som er.
Lepper pakkar ut som dei aldri kunne lyden av bustader og interiør, dei som fyller golva, det dei ikkje seier, fortel om ordtuben tom og himmelkvelven tørrkvitt lerret klemmer som eit lokk ned over oss. Under her er alt som er.
fredag 7. desember 2007
Hylle
Gap, hylle med undertøy, sokkar, varme trøyer og hårstrikk som du hadde heime hos meg. Her har du det att i ein pose, iblanda bittesmå bitar av hjartet mitt. Skapet står tomt og dirrar i klangen av han som enno er full av deg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)