Alle dørene er opne. Romma opnar seg velvillig for kvarandre og dannar eit hus. Menneskehannen står på badet og barberer seg.
Frå stua kjem det musikk. Volumet er skrudd opp slik at tonestraumen enno kan vera klar når han flyt inn til han som barberer seg. Røysta til songaren er svært uttrykksfull.
Menneskehannen nynnar mens han pirkar med høvelen i andletet sitt. Han bommar på tonane. Han syng surt. Han er klar over at han gjer seg best som publikum. Men no når han er aleine, finn han glede i å vera medskyldig i musikken. Han ser på seg sjølv. Han granskar nasen, munnen og auga som stikk fram frå ei klissete sky av barberskum.
Nasen min er ikkje spesielt pen, tenkjer han. Nasen er ikkje meg; han uttrykkjer ingen individualitet. Kva er det med munnen? Er det fordi eg taler og syng med han – rett nok skingrande og til glede berre for meg sjølv –, er det derfor eg identifiserer meg meir med munnen enn med nasen? Men auga? Eg ser etter meg sjølv i auga. Eg leitar etter botnen av mitt eige blikk. Heile verda er stengt inne i meg.
Menneskehannen ønskjer at han kunne visa fram den verda han har inne i seg. Han skrapar barberskum og skjegg frå andletet. Huset er fullt av tonar frå verda til ein annan
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
menneskehannen? Tror du har en liten kreasjonist i magen...
SvarSletthttp://www.youtube.com/watch?v=V0Pi1TqCbDk