torsdag 22. oktober 2009

Dauv og stum

Åh, så vakkert allting kunne vera –
om eg berre var dauv!
Om eg kunne flyta på dagslys og lukt
og tenkja på lufta som meir enn eit tomrom,
om eg verkeleg sansa handa som eg trykkjer,
og kjende pusten til menneska i nakken min,
men slapp å høyra
at dei er idiotar!

Ta-di, dam-ta-ri-ta!

Så vakkert allting kunne vera –
om eg også var stum!
Om eg kunne byggja høge tankemurar
og bu ein stad der løgner ikkje kjem til uttrykk,
om eg kunne smi ei glødande sanning
og dømma myndig om folk og fenomen!
Om eg ikkje kunne vita
at det vakre som er mitt,
kan seiast like stygt som alle andres.

Ta-di, dam-ta-ri-ta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.