lørdag 22. august 2009

Rest av vatn

Slo med spolen,
skar handa mi med kanten av ein finne
– pressa ein rest av vatn gjennom gjellene.
Sprella, kasta seg rundt
i eit rasande håp
om ei elv som flyt tyngre
mot eit hav meir definitivt
enn begge oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.