Innunder skrivepulten ligg det daude auget. Det har sett lauv som liknar det som dalar no, himmelformasjonar, tankefulle profilar, barn i klatrestativ, vatn som storknar nokre hundredelar av eit sekund, glade, uspurde personar, feriestader. Fanga fortid med framtid som formål.
Innunder skrivepulten ligg eit gammalt kamera. Batteria er daude, linsene støva ned. Verda er den same, berre eldre. Vatnet skal få flyta uforstyrra.
onsdag 3. oktober 2007
Blikkontrakt
Du signerte ein kontrakt
med vage ord, men tunge blikk.
Det klirra i glas og bestikk.
Vart lovnader gitt?
Mens praten flaut, var mykje usagt.
Han interesserte seg for ditt.
Du likte det, fortalde enda litt.
Han varta opp med gyllen drikk,
Til gjengjeld fekk han makt,
og du er underkasta mistankens,
sjalusiens, kontrollens hermeneutikk.
med vage ord, men tunge blikk.
Det klirra i glas og bestikk.
Vart lovnader gitt?
Mens praten flaut, var mykje usagt.
Han interesserte seg for ditt.
Du likte det, fortalde enda litt.
Han varta opp med gyllen drikk,
Til gjengjeld fekk han makt,
og du er underkasta mistankens,
sjalusiens, kontrollens hermeneutikk.
Abonner på:
Innlegg (Atom)