onsdag 3. oktober 2007

Olympus

Innunder skrivepulten ligg det daude auget. Det har sett lauv som liknar det som dalar no, himmelformasjonar, tankefulle profilar, barn i klatrestativ, vatn som storknar nokre hundredelar av eit sekund, glade, uspurde personar, feriestader. Fanga fortid med framtid som formål.

Innunder skrivepulten ligg eit gammalt kamera. Batteria er daude, linsene støva ned. Verda er den same, berre eldre. Vatnet skal få flyta uforstyrra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.