Han eller ho pirkar ei bok frå hylla. Han eller ho leitar etter eit bestemt sitat eller berre ei tilfeldig, slåande formulering. Men ingen har sagt det før, det som skal seiast. Han og ho, eller ho og han, eller han og han, eller ho og ho. Kombinasjonen er ny. Han eller ho er den første som er i lag med ho eller han.
Han eller ho plukkar frukt i butikken. Han eller ho skal gjera i stand eit måltid til ho eller han. Han og ho eller ho og han er utan synd eller lyte når dei er i lag. Dei et middag eller niste og har kvarandre til dessert.
Han eller ho må gå ifrå ho eller han for nokre timar eller ein heil dag. Han eller ho har eit ærend i tida mellom tida med ho eller han. Han eller ho lever i eit mellomrom av distraksjonar. Han eller ho lengtar til tida som forvinn. Han eller ho seier hei og held omkring ho eller han. Han eller ho snakkar altfor mykje. Han eller ho får sagt så altfor lite før han eller ho atter må gå ifrå ho eller han.
Han eller ho tar i bruk eit nytt pronomen. Verda kan gjerne ta slutt berre eg får samla alt eg tenkjer og vil, i dette ordet «du».
mandag 4. juni 2007
Ein annan
Ein gong vart det som er lys og lyd og lukt og smak, skilt frå det som ser og høyrer, kjenner lukt, kjenner smak. Det som såg, såg noko anna enn seg sjølv når det såg. Det høyrde, og det som høyrde, var noko anna enn lyden det høyrde. Det låg inntil ein kropp som var ein annan enn den det sjølv var. Det budde i ei verd som ikkje var det same som det som budde i verda. Det drakk mjølk frå eit bryst, men sjølv var det verken mjølk eller bryst eller smaken av mjølk eller lukta og varmen frå brystet.
Her er mitt første smil.
Eg ser på dykk. Eg held blikket dykkar, og eg smiler. Eg er ein annan enn de er. Eg er ein annan enn alt som ikkje er meg.
Her er mitt første smil.
Eg ser på dykk. Eg held blikket dykkar, og eg smiler. Eg er ein annan enn de er. Eg er ein annan enn alt som ikkje er meg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)