Eit giftig frø er sådd i brystet mitt. Einsemda har tvinga seg på meg som eit vilkår. Ho har slått rot, ho spirer og skal stiga i meg; ho veks og skal falda seg ut slik plantar gjer – utan å vita at det er ugras dei er.
Eg tok konsekvensen, som det heiter. I fjor flytta eg vekk frå den larmande storbygda og ut til Nittedal. Eg søkte skog og likevekt. Her står eg tidleg opp og har verda nesten for meg sjølv.
Morgonen er kald og klar. Morgonen er kald og klam. Morgonen er pistrande og sur, men eg går han smilande i møte. Det er tidlegare enn nødvendig. Eg kunne ha sove, men gjer det ikkje, for eg skal i svømmehallen innan verda kviknar til.
Mens borgarane søv eller fyller kroppane med dagens første kaffekopp og siste nytt om kalamitetar og diplomati, smett eg gjennom den morgondorske infrastrukturen. Før byen har rigga opp denne dagens fiendskap mot meg, har eg lurt meg inn og vorte ein del av organismen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Jeg synes det er spennende at flanelografen endelig har kommet seg ut på den store verdensveven. vekk fra storbyens tjas(?) og mas og inn til bygda, men samtidig ut fra en ensom e-postkonto til bloggsfæren.
SvarSlettEn reise om du vil....
Blir mye vås dette, men gratulerer med fin blogg!
Flanellograf! Du skriv som ein gryande litterær mastodont! Eg gratulerer med dine høykvalitære ytringar. Og ikkje minst velkommen til landsbygda.
SvarSlett