søndag 27. mars 2011

Dessert

Ein krøll av dynetomt trekk – eit forkasta skinn i fotenden av senga. Eg har vippa det heilt av, men sveittar likevel. Det er altfor varmt til å ha noko over seg no. Sommaren kjenner ikkje sine eigne grenser og fyller rommet som ein klam dessert. Eg svever over madrassen. Roterer om min eigen akse. Du er også uroleg. Lufta vi pustar, er til å tyggja.

Til og med eselet i nabohagen, høyrer eg, synest at det er for varmt. Det prustar og sparkar i bakken iblant. Eg har i det minste vatn. Eg plantar den eine handflata i madrassen og løftar overkroppen som ein doven orm. Eg strekkjer meg over kroppen ved sida av meg og grip etter vassflaska på nattbordet. Ho sukkar, og eg høyrer at det ikkje er eit sukk frå eit sovande menneske. Eg er like over henne og ser at ho opnar auga. Ho strammar leppene til ein grimase – eit tafatt smil. Eg speglar uttrykket hennar. Dette handlar om ikkje å få sova.

«Vad vill vi egentligen med varann?» spurde ho. Närhet till en annan människa, tenkte eg – også dette på svensk. «För dig kunde jag lika gärna vara vem som helst,» heldt ho fram.

Vi låg på rygg og kikka i taket. Middelhavet utanfor er eit stille, brummande orgelpunkt heile natta igjennom. I ein luftigare oktav plystrar mopedane forbi, med ujamne, stadig lengre mellomrom. Det slamrar i døra hos ein granne.

Eg sette flaska til leppene, fylte fjeset med vatn og grov det ned i magen hennar. Eg heldt henne fast, spissa munnen og sleptte laus ein storm frå lungene – store, kilande bobler. Ho hiksta, byksa rundt og protesterte. Vi lo så det skrangla i innvollane.

Vatnet oversvømte navlen og rann utover hoftene. Så låg vi med kvarandre enda ein gong.

2 kommentarer:

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.