tirsdag 20. mai 2008

Nattland II

Baklengs i biografien finst ein annan by – eit Shangri-la eg reiser til i søvne. Der er landskap som lagrar barndom og intakte håp. Drøymde stader følgjer reglar i ein utopisk økonomi.

I nattlands nirvana er menneska uskadelege for kvarandre. Dei driv vekselbruk med broccoli og hestehov, og verdset både pynt og nytte. Dei ernærer seg på ein diett med rikeleg av fiber og vatn, og i skrittet luktar dei mildt vanilje.

Fjerten eg sleppte i heisen hit ned, har lokka til seg folk frå mellometasjane. Langs vegen attende står det nye fasadar. Det er ein annan stad eg flyttar til.

Mørke strek av asfalt rissar opp figurar eg skal leva inne i. Kan vi kle opp vilkåra som omgir oss? Ta med fargar og tekstur. Grav fram stranda under reguleringsplanen. Eg har restar av kjærleik og vil laga ein collage av liv i lag med deg.

1 kommentar:

  1. Nå er det veldig lenge siden du skrev noe her. Må jeg fortsatt vente lenge til neste gang du poster noe?

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.