onsdag 26. mars 2008

Hepatica nobilis

Blant legghår og skjegg veks blåveisen fram. Hestehoven sprengjer seg opp gjennom asfalt og er gul i ei verd som var grå. Gartnaren kultiverer og klassifiserer, teiknar meiningsfulle grenser for menneskehannens revir. Eit nytt repertoar av samanlikningar skal gjelda no når det er vår. Nokre bruker namn som Hepatica nobilis der eg knapt såg at det var liv.

Slummer

Haight-Ashbury – eg veit ikkje sikkert kor det er. Eg går gjennom Castro og tenkjer ingenting spesielt. Timothy Leary, magien din er veike greier imot morgonskodda. Disen frå havet gjer meg akkurat så døsig som eg ønskjer. Eg søv vekk heile ferien og gløymer å gå på fest.

Frå vakne timar hugsar eg ein sykkeltur, eit rundstykke med masse pålegg, bønnespirar, sterk sennep, lobbyen i eit hotell. Ein tiggar som skulle ta ein buss. Bratte bakkar. Elektromotorar med dreiemoment som gjer dei uavhengige av gir.

onsdag 19. mars 2008

Lagring

Arkivaren tenkjer på arkeologar i framtida, brannmannen på englar, havet vil bli damp og skyer, regnet vil vera hav. Eg pønskar ut stillingar å liggja i skulle eg bli offer for eit nytt Pompeii. Mo i Rana kan brenna. Datalagringsdirektivet er ein avgud med demens.