Menneskehannen tar ein pastill. Han børstar flasset frå skulderputene, kremtar, reiser seg og går opp på podiet. Menneskehannen kjem med eit bod om glede, kan han forklara.
(Sanneleg seier eg dykk: Der nede i kroken står grillen. Grillen er alt god og varm, og her er vatnet som straks skal forvandlast til noko enda betre. For eg har stelt i stand til denne festen fordi eg mest av alt ønskjer at vi kan vera glade i lag.)
Menneskehannen tar hatten av hovudet. Han smiler lurt til forsamlinga og stikk neven ned i hatten. Han fiskar opp ei rotte. Forsamlinga ler. Menneskehannen er ein skøyar. Men sjølv ser han berre forvirra på rotta. Kor er duene? Kor er haren? Kor er grisen som skulle steikast heil?
Han prøver igjen. Også denne gongen fiskar han opp ei rotte. Han slengjer rotta til sides, og ho piler vekk og gøymer seg bak klaveret. Han er tydeleg irritert. Han krafsar på innsida av hatten, men det som dukkar opp, er enda ei rotte. Han bit tennene saman, han murrar sint og vrengjer hatten sin. Han ristar hatten, slår han brutalt mot låret, kakkar på den maltrakterte bremmen. Og rottene renn ut.
Frå hatten som han skulle hala grillmat, potetsalat, guacamole mv. ifrå, marsjerer det ein hær av rotter. Han brøler fortvilt, og i munnen hans dukkar kakerlakkane opp. Frå menneskehannens gap veltar krypa som forheksa oppkast.
Slik er det når eg vil gi dykk del i det som er godt. Om de svelt, har de alltids rotter de kan eta.
fredag 27. april 2007
fredag 20. april 2007
Infrastruktur
Eit giftig frø er sådd i brystet mitt. Einsemda har tvinga seg på meg som eit vilkår. Ho har slått rot, ho spirer og skal stiga i meg; ho veks og skal falda seg ut slik plantar gjer – utan å vita at det er ugras dei er.
Eg tok konsekvensen, som det heiter. I fjor flytta eg vekk frå den larmande storbygda og ut til Nittedal. Eg søkte skog og likevekt. Her står eg tidleg opp og har verda nesten for meg sjølv.
Morgonen er kald og klar. Morgonen er kald og klam. Morgonen er pistrande og sur, men eg går han smilande i møte. Det er tidlegare enn nødvendig. Eg kunne ha sove, men gjer det ikkje, for eg skal i svømmehallen innan verda kviknar til.
Mens borgarane søv eller fyller kroppane med dagens første kaffekopp og siste nytt om kalamitetar og diplomati, smett eg gjennom den morgondorske infrastrukturen. Før byen har rigga opp denne dagens fiendskap mot meg, har eg lurt meg inn og vorte ein del av organismen.

søndag 15. april 2007
Den heilage rygghårsmeditasjonen
Ein flik av innsikt stod for meg. Eg sa: «Meister, eg blir gammal. På ryggen har eg uønskt hårvekst.»
«Er du einsam?» spurde han denne gongen. Som om det har noko med rygghår å gjera.
Meisteren kjem sjeldan med ferdigtygde løysingar. Aller helst stiller han spørsmål. Det er som å spela squash mot visdommen.
Meditasjon: Årsak og verknad hulter til bulter. Rygghåra er eit kjenneteikn på ungkaren. Han har ingen til å plukka dei vekk for seg. (Frigjerande tanke: Eg reiser heim til mor.)

lørdag 14. april 2007
Snakk
Snakket startar med ein gjæringsprosess i bringa. Bak det urolege blikket er det ei forklaring. Nokre centimeter under hårveksten er det aktivitet. Kjevane rører seg. Det er eit symptom på snakket. Skjegget blafrar som ein vimpel og gjer kjeverørslene overtydelege. Luft skal inn og ut, og under kragen pumpar brystet som ei besjela myr. Mannen gir ifrå seg lydar òg.
Han dukkar opp i skogkanten og presenterer seg
eg har budd i ein skog
ete folk og skamslått sau
men no er eg ute og spør etter tillit
stryk meg og klapp meg og klø meg i pelsen
det er nokså einsamt å gå omkring som brunbjørn
om berre Vår Herre skapte meg annleis!
ete folk og skamslått sau
men no er eg ute og spør etter tillit
stryk meg og klapp meg og klø meg i pelsen
det er nokså einsamt å gå omkring som brunbjørn
om berre Vår Herre skapte meg annleis!
Abonner på:
Innlegg (Atom)